Gjennom menneske si tid på jorda har fleire meint at universet vart klekka ut or eit egg. Kapsla inn bak ei slags kosmisk hinne har heila verda lege på vent, ulma og gjæra og lura, for så å slynge ut alle moglege krefter i rasande tempo og energi ved synet av fyrste sprekk i skalet. På mange måtar kan praksisen til Falckner også lesast som energi klekka ut or eit kosmisk egg; i eit valdsamt tempo lagar han store veggmåleri, keramikk, installasjonar, skulpturar, relieff, grafikk, vevar, tatoveringar, musikk, film og mosaikk. For å nemne noko.

Tid og energi er for Falckner eit paradoks; alle arbeida hans er prega av eit hurtig tempo og ein eksplosiv energi som opnar for samspel med tilfellet. Men dei er også prega av eit uttrykk utanfor fiksert tid og rom. Keramiske skulpturar liknar vulkanske formasjonar som vel så gjerne kan vere frå framande verder, eller som tidsvitne frå forhistoriske landskap tilhøyrande ei tid utan menneskeleg nærvær. Skapnader og former som dukkar opp, hintar til både urgamle undersjøiske skapningar og moglege mutasjonar livet på jorda kan verte nøydd å utvikle. I dette skjeringspunktet mellom det kjende og ukjende, fortid og framtid, dukkar det opp kjensler av både tiltrekking og ubehag.

I Hvelvet inviterer Falckner publikum til å tre inn i eit fragment av hans eige kosmiske egg, der keramiske skulpturar buktar, slynger og vrir seg ikring i formasjonar i eit grenseland med det som allereie har forgått og det som skal kome.

Tekst av Sara Heilevang.
Photo documentation by Thor Brødreskift
Back to Top